Kommunedirektør i Sunnfjord kommune
Vi søkjer kommunedirektør som ønskjer å utvikle Sunnfjord kommune for framtida.
Stillinga gir deg spennande og utfordrande arbeidsoppgåver som gir deg moglegheita til å forme organisasjonen og skape trivelege samfunn. Sunnfjord er eit vekstsamfunn med god trivsel og gode tenester for innbyggjarane. Det er ønskjeleg at vår nye kommunedirektør deler verdiane i organisasjonen og i lokalsamfunnet vårt, og brenn for heilskaplege løysingar.
Sunnfjord er ein nynorskkommune.
Ved tilsetjinga vil det bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vårt verdigrunnlag:
Sunnfjord kommune har valt fylgjande verdiar som styrande for arbeidsgjevarpolitikken: Engasjert – Inkluderande – Nær.
Verdiane skal vere styrande for korleis vi møter våre brukarar, innbyggjarar og kvarandre som tilsette i Sunnfjord kommune.
Alle førespurnader til Capus blir behandla konfidensielt innanfor rammene av gjeldande regelverk. I samsvar med offentleglova § 25 vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Søkjarar som ber om unntak frå offentlegheit, må grunngje dette særskilt. Kommunen gjer ei konkret vurdering av førespurnaden. Dersom førespurnaden ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla før offentleggjering.
Tilsetjing skjer i samsvar med gjeldande lover og reglar for offentleg sektor.
Ta kontakt med Capus ved Per Jorem på telefon 400 21 560 eller Åslaug Krogsæter på telefon 909 13 333.
Søknadsfristen er seinast 15.09.2026. Ikkje vent med å søkje – vi les søknader fortløpande.
CV og søknad kan du laste opp hos Capus.
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke. Kommunen har om lag 23 000 innbyggjarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen, og har eit rikt kulturliv og eit breitt tilbod av bustader.
En av våre konsulenter vil ta kontakt med deg
Vi er her for å hjelpe deg. Ta gjerne kontakt med oss dersom du lurer på noe.
Telefon
22 94 11 00
E-postadresse
adm@capusold.infigo.dev